ARV, TRADISJON & HANDVERK
Oppskrifter og metodar har gått i arv, og tradisjonen ligg i hendene våre.
Gombe frå Fjellestad Gardskjøken har vore festmat i fleire generasjonar. Men i 1980 fekk Kari Ann Fjellestad, som alltid laga Gombe til festlege lag og selskap i Gloppen, eit spørsmål som starta noko større. Ein kar spurte om ho kunne lage Gombe, som han skulle gje vekk i julegåve til slekt og venner. Ho kokte fleire liter og fordelte det på boksar som blei til smakfulle julegåver. Etter det starta produksjonen av Gombe i større skala. Det er framleis tidkrevande handverk og små kvantum, men mange bekkar små blir ein stor å. I dag leverer Fjellestad Gardskjøken fleire tonn Gombe i året.
Fjellestad Gardskjøken ligg høgt og luftig på Fjellestad, med utsyn over Gloppefjorden. Her har vi perfekte tilhøve for å produsere rein og lokal mat – frisk luft, godt jordsmonn og rikeleg med sol.
Vi er opptekne av meir enn det ferdige produktet. For det er vi som driv jorda. Det er vi som tek imot kalvane når dei kjem til verda. Vi som steller for kyrne og gler oss når dei sprett frydefullt rundt på beitet. Den gode mjølka vi får er eit resultat av eit godt liv. Av mjølka lagar vi kvalitetsprodukt som lefser, Gombe og rømmegraut og vi leverer til store delar av landet.
Då Kari-Ann Fjellestad byrja å lage og selje Gombe, såg eg raskt at dette var eit heimelaga produkt med stort potensial. Gombe og lefse er tradisjonsmat, som eg vaks opp med. På festbordet mitt har Gombe frå Fjellestad Gardskjøken ein naturleg plass.
Bakar Jon, Byrkjelo
DAGLEG LEIAR
GRUNNLEGGJAR
SJEFSKOKAR
LEFSESPESIALIST